Ordet “mektig” er vel samlande: Her fekk vi presentert den svenske visediktaren sitt mangslungne liv i både tonar og tale på ein scene som var vakkert tillaga og med innstuderte rørsler og effektar som gav opplevingar også for det sjåande auget.

Dagfinn Olav Bye har hatt regien for stykket. Han er oppteken av flyt og av at aktørane skal delta i det som foregår på scenen. Publikum fekk både stilmessige impulsar og impulsar frå dei kvardagshendingane som utspelar seg i eit sjømannsliv både ved landligge og når ein er hjelpelaust langt til havs.

Skøy var der også gitt plass til - som t.d. når Leif P.  Dimmen tilsynelatande gløymde teksta på det siste Carmencita-refrenget sitt. I alle fall vart det oppfatta slik frå salen - og medsongarane hans smilte godt når han tralla seg gjennom avslutningsstrofene.

Framsyninga fekk godt fram at Taube ikkje berre var ein hurrameg-rundt-gut, men at han også  var ein var naturvenn. Dessutan har den kanskje mest kjende songen hans - Så länge skutan kan gå - fått salmestatus.

Solistar undervegs var Eldor Veddegjerde, Kristian Skeide, Ottar Kaldhol, Aksel Hauge, Bjarne Wennevold, 10 år gamle Thea Frekøy Skeide, Otto Botnen og Leif P. Dimmen.

Og så må den fine innlevinga til Knut Arne Høyvik på “Balladen om briggen Bluebird” framhevast - der ein dødsbodskap var framstilt  så råkande at det sokk i Sjøborg-publikummet.

Høgdepunkt? Der var mange. “Så länge skutan kan gå” (som hadde fått seg eit stort løft sidan framføringa under Hareidsstemna), “Änglamark”, “Vals i Valparaiso” og “Nocturne”. Kanskje var det “Nocturne” som slo  best ut frå det vare og flotte scenebildet - og med gode, avmålte korstemmer.

Stor ros til heile ensemblet for ei interessant framsyning av dei folkekjære visene. Sjølvsagt står dirigent Robert Skeide i ei særrolle i det han både dirigerte, spelte og har arrangert songane for det koret han har hatt i ei årrekke.

Kristian Ødegaard Skeide hadde stått for film- og fotoredigeringa og i orkesteret sat - i tillegg til Skeide - Nasko Nikolaev (trekkspel) og Øystein Djupvik (bass). Huslyd v/ Nils Ertesvåg hadde lyden, som fekk ei god formidling gjennom “myggar”.

Repertoaret:

Flickan i Havanna, Balladen om Gustav Blom, Här är den sköna sommar, När jag var en ung caballero, Min älskling, Så länge skutan kan gå, “Änglamark”, “Oxdragarsång”, Møte i monsunen, Nocturne, Flickan i Hamburg (Turalleri), Brevet frå Lillan, Byssen Lull, Fritjof och Carmecita, Vals i Valparaiso, Balladen om Briggen Bluebird”, Som stjärnor små, Sjösalavals.