Fjorårets BlimE, i regi av NRK Super, samla over 180.000 skuleelevar rundt om kring i Norge til dans, samstundes.

Fredag, presis klokka 12 var det tid igjen for BlimE, og både Hasund skule i Ulstein og Bigset skule i Hareid var med. Totalt samla over 325.000 elevar frå 1.700 skular frå heile landet seg i gymsalar, på skulane og andre stader for å danse saman, samstundes. Førre gong vart det slått ny verdsrekord, og det er nok ganske så sikkert at det har skjedd også denne gongen. Ein av initiativtakarane for BlimE er Torgrim Grimstad, opphavleg frå Hareid.

- NRK Super ville ha ein kampanje mot mobbing. Vi ville heller ha ein vennskapskampanje. Mobbing kan vere så mykje rart, og veldig negativt. Vi valte å setje fokus på venskap i staden for, seier Grimstad.

Tredje året for Hasund skule

Dette var det fjerde året med ein nasjonal BlimE-dans. Hasund skule har vore med også tidlegare år, totalt tre av dei fire, fortel rektor Marianne Ulstein Johnston.

- Dette elskar borna, det er veldig populært. Det er eit veldig godt opplegg, fengjande dansar og ein god bodskap, seier Johnston og legg til:

- Vi samlast alle saman litt for sjeldant, og vi set pris på å ha noko slikt som gjer at vi kan kome saman alle elevane på skulen.