Alle dei nasjonale sentera for opplæring samarbeider om å lage ein film som skal inspirere til heilskapleg læring i barnehagen. Det er Nynorsksenteret som koordinerer og planlegg filmen, men dei har hatt fleire møte med dei andre sentera om denne filmen.

Delar av filmen vart filma på garden til Kristian Fuglseth og Ingeborg Bjåstad på Bigset på Hareid. Og hovudrolleinnehavarane er barnehageborn frå Gnist Barnehager Holstad.

– Då Utdanningsdirektoratet spurte om me ville vere med kunne me ikkje la sjansen gå frå oss, så me sa ja, fortel Elisabeth Warpe som er styrar i barnehagen.

Og det er Liv Kristin Bjørlykke Øvereng i Nynorsksenteret glad for.

– Dei er så utruleg flinke i denne barnehagen til å leggje til rette for læring i alle situasjonar, rosar ho og legg til at dei tilsette der er veldig flinke til å sjå barnet.

Høna og egget

Filmen som blir laga skal brukast til å inspirere alle som jobbar i barnehage og som eig barnehage til å bli oppteken av heilskapleg læring i barnehagen. I filmen vil dei vise ulike aktivitetar som kan gje ulike faglege stimuleringar. Dette er eit tema Warpe brenn for og synest er utruleg viktig.

Filminga går over tre dagar. Den første dagen var dei i barnehagen og las eit dikt om høna og egget. Så diskuterte borna kvar egga kjem ifrå. Det var det ikkje alle som visste. Her var det mange interessante svar. Dei laga også forskjellige matrettar av egg. Ved å lage til egga på ulikt vis fekk egga ulike fysiske former. Både eggerøra, speilegget og det kokte egget var laga av egg, men det såg ulikt ut.

Torsdag var dei på garden på Bigset og fekk sjå kvar egga kjem ifrå. Dei fekk lokke på høner, gje hønene mat, plukka egg og sett korleis hønene bur.

Fleire av borna kjende til denne garden frå før, for Jakop i barnehagen bur her. Dessutan har barnehagen vore så heldige at dei har fått kyllingar frå denne garden tidlegare. Det hugsa borna når dei skulle hit.

Fredagen bearbeidde dei det dei hadde opplevd i skrift og bilete og laga eit kunstprosjekt utav det.

Planlegg premierefest

Filmselskapet som har fått oppdraget med å lage filmen er Snøball Film. Dei har filma ein del i barnehage tidlegare og laga fleire liknande filmar.

Den ferdige filmen skal liggje ute på heimesida til Utdanningsdirektoratet og på sidene til alle dei nasjonale sentra. Så her kan også foreldre og andre interesserte klikke seg inn for å sjå det ferdige resultatet. Gnist Holstad planlegg ein skikkeleg premierefest, røper Warpe.

Dyreliv og barneleik

Det er mange dyr på garden til hobbybonde Kristian Fuglseth, som til dagleg jobbar på Høgskulen i Volda. Innimellom filminga vart det tid til både leik og ein nærare kikk på dyra. Det var stor stas å få mate hestane, sauene, kaninane og hønene.

– Eg synest det er veldig kjekt at ungane får kome å sjå dyra. Det er difor me har dei, kommenterer Fuglseth. Han synest det er veldig bra at filmen kan handle om naturlege ting, så borna får lære omgrep frå naturen og dagleglivet.

– Ja, så er det bra at borna får sjå kvar egga i butikken kjem ifrå, kommenterer barnehagestyraren. Det at borna får sjå, oppleve og ta del i det dei lærer, forsterkar læringsprosessen.

Fakta om filmen:

Filmen er eit samarbeid mellom Lesesenteret, Skrivesenteret, Nynorsksenteret, Naturfagsenteret, Framandspråksenteret, Læringsmiljøsenteret, Senter for kunst og kultur, Senter for IKT, Senter for mat, helse og fysiske aktivitet og Nafo-senter for fleirkulturell opplæring.

Filmen blir gjort på oppdrag for Utdanningsdirektotatet.