Denne helga har det vore duka for fest og moro i Herøy, ettersom Fosnavåg Rock vert arrangert for første gong. Dette er derimot ikkje den første gongen at Ann-Helen Dybvik har teke turen på ein festival.

- Å, nei. Det er slettes ikkje første gong. Eg kan ikkje hugse den første gongen er var på festival, men det er det er jo alltid kjekt på festival, seier ei smørblid Dybvik.

- Men dette er den aller første festivalen for førsteprinsessa mi, så det var jo veldig kjekt at ho fekk oppleve det denne helga, legg ho til.

Vann festivalpass

Dybvik og dottera var så heldige at dei vann festivalpass gjennom ein konkurranse. Så då var det berre å ta turen.

- Vi måtte jo det. Så då er planen å i alle fall få med oss Lommerosk, Madcon og så kanskje også The Mono LPs etterpå, forklarar Dybvik.

- Kva er forventningane til kvelden da?

- Det er god musikk, bra lyd og ikkje minst ei veldig høg stemning, seier ei spent Dybvik.

- Telting er kjekkast

Sjølv med eit ruskete sunnmørsvêr i Fosnavåg, let Dybvik seg ikkje stoppe.

- Nei, da. Det er berre å kle seg godt. Slik er vel eit typisk festivalvêr, smiler ho.

- Det aller kjekkaste med festivalar er å slå opp telt, men det er alltid gøy på festivalar, understrekar Ann-Helen Dybvik.