Aksel Hauge, leiar i Ulstein Historielag, fortel at dei har hatt stor lukke med å presentere gamle gjenstandar på årsmøta tidlegare. Dette er populært, seier han. Av gjenstandane som vil verte synt fram og omtala under årsmøtet kommande tysdag er mellom andre ei vedfyrt krølltang og ei heimelaga dampmaskin. Styret har fått tak i mange gjenstandar som er særs interessante, men vi vonar at dei andre møtedeltakarane også vil ta med seg tin som høver inn i programmet, seier Hauge. Årsmøtet finn stad på Ulstein rådhus. Styret vil legge fram ei årsmelding som syner at 2006 har vore eit aktivt år for historielaget. Rekneskapen syner også eit godt resultat. I tillegg til faste årsmøtepostar som val og slikt noko, vil styret fortelje om aktiviteten i laget framover. Det vert dessutan servering av kaffi og kaker og sal av lodd, lokkar Hauge.