Primus motor bak Heimane Våre- arrangementet, Per Arne Lillebø, seier til Vikebladet Vestposten at dei særskilt vil satse på unge i tida framover. Rune Larsen skal fyrst og fremst snakke, men han har lova å ta med gitaren og ta eit par songar også når han vitjar ungdomsskulane. Foredraget hans ber tittelen: "Når livet ropar for høgt". Det handlar om fråhaldssak, moralisme og solidaritet. Det vert også høve for elevane å stille spørsmål. I 10-tida startar Larsen i Gursken, så ber turen til Ulsteinvik, og så avrundar han ved ungdomsskulen på Hareid. Per Arne Lillebø er svært glad for at det let seg gjere å nytte ein slik kapasitet som Rune Larsen når han fyrst er her i distriktet. Det vert fullt engasjement for Larsen på fredagen som på kvelden altså talar og syng i arrangementet som Heimane Våre tilskipar i Herøy kyrkje.

Rune Larsen (biletet) vil fredag halde foredrag for elevane på ungdomsskulane i Gursken, Ulsteinvik og på Hareid.