Denne gongen Oslo-komikaren Ørjan Burøe som skal ro i land kvelden.

- Ørjan er noko så sjeldan som ein hyggeleg råtass på scenen. Av scenen er han berre ein råtass, ler Fredrik Steen.

Steen er som vanleg konferansier på humorkveldane på Kaffebaren, og gler seg over den store interessa:

- Vi har fått fleire stamgjestar allereie, så det er sjølvsagt veldig kjekt, seier Steen.

Det var på vårparten i år at han og Anett Wingsternes etablerte faste klubbkveldar på Kaffebaren, og forebels har dei køyrt show minst ein gong i månaden.

Til Ulsteinvik kjem det òg ein trønder og ein ålesundar på torsdag. Per Erik Skogan har vore lærar i ei årrekke, men siste året har han teke permisjon for å leve av humor på fulltid.

- Per Erik har ei vanvittig observasjonsemne, og lyfter kvardagslege og små ting inn i nye og store samanhengar, seier konferansier Steen, og opplyser om at Per Erik var saman med han sjølv på "Den Norske Humor" på NRK i fjor, og kom som Steen heilt til finalen.

Therese Brunstad er frå Ålesund, og gler seg stort til å kome ut i havgapet:

- Therese var eigentleg nokså tidleg ute med stand up, og var med å etablere stand up-miljøet i Ålesund for meir enn ti år sidan. Etter mange års pause er ho no i gang igjen. Ho er vel Norges einaste emo på stand up-scenen. Veit ikkje du kva ein emo er? Vel, då får du møte opp og sjå! seier konferansier Steen.