Det siste halvåret har det vore invitert til felles radiobingo på Bruktbutikken på Hareid kvar måndag. Då møtest ein meir eller mindre fast gjeng for å få med seg Bygderadio Vest sine bingosendingar.

– Eg fekk nyss i at det kunne hende at delar av møblementet på Bruktbutikken var selde, slik at deltakarane ikkje hadde nokon god plass å setje seg ned. Då tenkte eg at dei like godt kunne få vere her, seier direktør ved Melshorn Hotell, Linda Haddal Røssevoll.

Frå sist måndag er det difor hotellet som er samlingsstad for dei som vil møtest for litt felles bingomoro.

– Dette starta eg som rein sjølvhjelp, fortel Randi Døving som tok initiativet til fellesbingoen. Ho hadde behov for ein stad å treffe andre og i samarbeid med frivilligsentralen vart bingosamlinga ein realitet. Her kan ein kjøpe seg ei bingolokk eller tre og utstyre seg med kake, kaffi og merketusj for eit par timar med uskuldig moro.

Spenning

– Talet er femtito. Fem. To.

Den stødige røysta til bingovert Olav Kvalsvik lyder ut over FM-nettet.

Det er knystande stilt. rutinerte auge saumfer talrekkene. Praten og handarbeidet får vente til pausen.

Spenninga stig ved bordet, ein av deltakarane har berre eit tal att for å få full rekke.

Så ringer telefonen i studio.

– Fakerten altso!

Ei dame frå Hovdebygda har fått bingo på ei blokk ho har kjøpt på Circle K i Volda.

Det vert ingen vinnar frå Hareid denne gongen. Og jackpotten på 30.000 får stå urørt denne kvelden også.

Ei dame frå Ulsteinvik kan glede seg over toppremien på 1500 kroner, medan bingospelarane på Hareid vert sitjande att med strikketøy, broderi og ein god prat.

Måndag er det ein ny sjanse og bingospelarane håper endå fleire vil ta turen til Melshorn Hotell frå begge sider av eidet.

Frå sist måndag er det Melshorn Hotell som er staden for den som ønskjer å vere med på felles radiobingokveld. T.v. Trond Innjate Røyset som er praktisk tilretteleggar og som også ringer inn til Bygderadio Vest sit studio dersom nokon skulle få bingo, initiativtakar til fellesbingoen, Randi Døving og hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll.