Stykket følgjer pikkoloen Ted si første nattevakt på jobb, på hotellet Mon Signor i Hollywood. Ted får klare instruksar av sjefen sin Betty; ”Hald deg unna natteranglarar, ungar, horer og ekteskapelege kranglar”. Betty forlatar Ted med eineansvaret på sjølve nyttårsaftan og intrigane står i kø. Ted sjekkar inn ein flokk med hekser som held heksesabbat, ei knebla kvinne og ein mann med ein diger revolver, han må passe dei to barna til ein gangster, og han vert innblanda i eit sjukt veddemål med ein gjeng festløver og ei stor Hollywood-stjerne.

Stykket er eksamensframsyninga til studentane ved bachelor drama/teater på Høgskulen. Dei har valt å lage stykket i noir-stil, med stilisert spelestil, mykje fargesymbolikk, og tidsriktige rekvisittar og kostyme.

Det skal setjast opp tre framsyningar, ei tysdag 25. mai og to onsdag 26. mai.