Ole Edvard Antonsen og medmusikantane: Atle Halstensen på tangentar, Per Hillestad på trommer og Tom Erik Antonsen på bass. Foto: Gunnar Wiik

Å trekke ut høgdepunkt frå denne konserten er nærast ei umuleg oppgåve; publikum fekk mellom anna høyre Albinonis Adagio, Hold Me Close, Svalbard, Vidda og potpurriet som alltid avsluttar det ordinære programmet til trompetvirtuosen - med Vitae Lux som det absolutte klimakset. Vakrare blir det jo ikkje. Men publikum skreik om meir. Ståande trampeklapp og hoiing gav to ekstranummer.

Ole Edvard Antonsen er kjent som ein av verdas dyktigaste trompetsolistar. Han oppdaga raskt at det ikkje var altfor mange klassiske verk som var komponert for trompet, og brukte derfor mykje tid på å arrangere ulike musikkstykke for trompet. Men det tok ei stund før tompetaren våga å komponere, arrangere og framføre sine eigne låtar. Med albumet ”Landscapes”, som kom i 2007, fekk Antonsen endeleg vist at han er ein komponist av rang. Landskapa hans er ikkje berre inspirert av det vi opplever rundt oss - ytre landskap; natur, slik som Svalbard, vidda og nordlyset - men kan også opplevast som reiser i våre indre.

48-åringen fortel at fleire av komposisjonane i ”Landscapes” er resultat av hans eigne, heilt personlege opplevingar. Vi får vere med på både oppturar og nedturar, glede og sorg. Frå det å bli pappa til det å miste ein som stod han nær. Konsertshowet ”Musikalske landskap” handlar om slike kjensler og opplevingar, og som publikum opplever vi nærleik og varme i det Ole Edvard formidlar. Både musikalsk og verbalt.

- Noko av det største ein musikar eller komponist kan oppnå gjennom musikk er når lyttaren blir ført inn i ulike stemningar og kan visualisere eller uttrykke indre såvel som ytre landskap. Musikk kan uttrykke meir enn ord, fordi den går direkte til hjerte og sjel.

Ole Edvard Antonsen seier at musikk kan kommunisere direkte med hjerte og sjel. Og det var det han gjorde med dei frammøtte i Hareidhallen fredag kveld. Foto: Gunnar Wiik