Ullaholm Båtklubb søkjer Ulstein kommune om 10 000 kroner i stønad, samt fritak frå å betale husleige for hovudhuset 23. og 26. juni 2010. Arrangementet vil dei leggje til 26. juni, første helga etter jonsok. I planane ligg det jonsokbål, leikar for born, trekkspelmusikk, sal av rjomegraut og grillmat og andre tradisjonelle jonsokaktivitetar. Dei planlegg båttransport til og frå Ulsteinvik, så folk som ikkje disponerer båt sjølve skal ha høve til å kome seg utover.