Arne Mo er oppvaksen på Mo i Ørsta. I Aasen-tunet vil han møte to av dei han vaks opp i lag med, journalistane Arill Riise og Svein Aam. Aam vil presentere forfattaren Arne Mo og vise ein smakebit frå den musikalske produksjonen hans, på video. – Arne Mo er ein kompromisslaus og uvanleg forfattar med ei sterk vilje til å skrive. I den siste boka slår han ut i full blom med sitt råe og poetiske språk. Han er rastlaus, men ikkje rotlaus. Alle som har vakse opp i Ørsta og Volda vil kjenne seg igjen i det han skriv, anten det gjeld naturen eller typane som vi møter i bøkene hans. Han har alltid vore på utsida av alle sider. Dessutan er det framleis ingen som slår han i handbak, seier Svein Aam. Vandraren er eit tett og intenst psykologisk drama, ein vestlandsblues om ein ung og stolt fiskar på jag etter fastare grunn under beina. Romanen handlar om Even Angelskår som drog til New Orleans for å finne den ekte, opphavlege bluesen, melankoliens kjelde. Han fann den, brått og brutalt, i eit dunkelt smug ved Bourbon Street. Ei sterk og uhyggeleg oppleving, til slepande blåtonar frå ein saxofon i det fjerne. Hendinga blir med han på flukta vidare, heim til den trygge Sølvfjorden, der han med saxen i hælane etter kvart går seg grundig vill i si eiga indre villmark. Arrangementet er eit samarbeid med Ørsta Mållag. Søndagen i Aasen-tunet startar med annan fengslande underhaldning, VM i skiskyting på storskjerm. På TV-menyen står det både stafett for damer og fellesstart for menn, medan det på kafé-menyen står søndagsmiddag i tillegg til kaffi og kaker.