Dei Nynorske Festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda frå 27. juni til 1. juli, og har 45 arrangement samla om temaet ”Sjølvtillit”. Festspela blir opna av May-Helen Molvær Grimstad, leiar i kultur- og familiekomiteen i Stortinget. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas møter for første gong lyttarane og sjåarane sine når han held festspelforedrag om sine visjonar for NRK som den viktigaste språkbrukaren i landet. Nobelkomitéleiar Ole Danbolt Mjøs held preike under festspelgudsteneste i det fri, og det blir kyrkjekonsert med vinnarsalmane og andre salmar frå konkurransen ”Nye feiringssalmar” som er støtta av Norsk kulturråd. Ivar Aasen-tunet er hovudarena desse festspeldagane. Like nedanfor tunet kjem den nye tunnelen frå det undersjøiske Eiksundsambandet opp i dagen. Festspela nyttar høvet til å arrangere konsert i tunnelen før trafikken blir sett på. Der skal blant anna festspeldiktaren Erna Osland lese frå si eiga bok ”Tunnelkjøraren”. – Det er slik flaks ein festspelarrangør må ha, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Heidrar Kenneth Sivertsen Den store festspelkonserten står Odd Nordstoga for. No røper arrangørane at Merkesteinane har fått æra av å vere oppvarmingsgruppe for Nordstoga. Merkesteinane har vore festspelutøvarar fleire gonger, og då Margaret Olin møtte dei under festspela i 2003, gav det ideen til spelefilmen ”It's Hard to Be a Rock'n Roller”. Astrid Kloster Særvoll opnar festspeldagane med ein konsert med musikk av Kenneth Sivertsen. Han hadde fleire konsertar i Ivar Aasen-tunet i fjor vår. Dei konsertane blei dei siste møta hans med publikum. – No vil vi vere med på å formidle kunsten hans vidare, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Tre andre konsertar byd på strålande gjendiktingar av kjende songar frå Sting, Leonard Cohen og Monica Zetterlund. Kjell Inge Torgersen framfører Sting-songane, Odd Goksøyr har med seg eit kobbel av musikarar når han syng Cohen, og Hilde Louise Asbjørnsen gir konsert med Edvard Hoems gjendiktingar av songar frå Monica Zetterlunds repertoar. Sjølvtillit for barn og unge – Vi har valt sjølvtillit som tema fordi vi unner barn og unge all den språklege sjølvtilliten dei kan få. Å styrkje sjølvtilliten og eigenidentiteten til nynorskbrukarane er eitt av måla for alt vi gjer, seier direktør Ottar Grepstad i den utsende pressemeldinga. Ein tredel av arrangementa handlar om barne- og ungdomslitteratur. Festspeldiktaren Erna Osland er med i eit titals programpostar, og ho har med seg forfattargjestene Arnt Birkedal, Helga Eriksen og Atle Hansen. Folkemusikkgruppa Tindra gir to barnekonsertar. Sogn og Fjordane Teater byd på førpremiere på ”Rekneprinsen”. Stykket er det første Erna Osland har skrive for teater og handlar om ein nyfiken og smart liten fyr. Frå Kulturskulen i Suldal kjem ein heil buss med dramaelevar som skal framføre eit nyskrive stykke av Rune Belsvik, bygt på tre bøker av Rasmus Løland. Festspela har såleis tilbod for alle aldersgrupper. – Særleg glade er vi for at mange arrangement blir fylte med det dei unge sjølve skaper, seier direktør Ottar Grepstad. Frå 25. april kan publikum klikke seg inn på www.aasentunet.no og vere med i ei uhøgtidleg kåring av den beste Tolkien-omsetjinga. Resultatet kjem på Festspela, der omsetjarane Torstein Bugge Høverstad og Eilev Groven Myhren møtest til duell. Heile tre nasjonale forfattarmarkeringar viser att i programmet. Rasmus Løland etablerte den nynorske barnelitteraturen for hundre år sidan. Det blir han feira for i mange år, og ei rekkje festspelarrangement er blitt til i samarbeid med Rasmus Løland-markeringa 2007–2011. Søndag avsluttar Dei Nynorske Festspela med arrangement om Halldis Moren Vesaas og ein heil, original kabaret om Per Sivle. Vesaas ville blitt hundre år i år, Sivle 150 år. Nye forfattarar på Festspela I år inneheld programmet særleg mange forfattarar og andre kunstnarar frå Rogaland. – Det er så mange som diktar på nynorsk at vi kvart år har med forfattarar som ikkje har vore på Festspela før, Oddmund Hagen er ein av desse. Dessutan kjem både Ragnar Hovland og Olaug Nilssen att i år, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Tre programpostar ber tittelen ”Litteratur med Landro”. I tillegg til programmet med Guri og Olav Vesaas om ”mor Halldis, dotter Moren, diktar Vesaas”, samtalar kulturredaktør Jan H. Landro i Bergens Tidende med festspeldiktaren Erna Osland før han og den profilerte litteraturkritikaren Marta Norheim set kvarandre stemne for å diskutere samtidslitteraturen. To kunstutstillingar Få norske festivalar kryssar så mange sjangergrenser og sektorskilje som Dei Nynorske Festspela. I år kan publikum velje mellom to kunstutstillingar, to av dei fremste nynorskprisane blir delte ut, og for tredje gongen blir Dei nynorske golfspela arrangerte. Festspelutstillinga i år er kalla ”Bileta mellom bokstavane” og inneheld barnebokillustrasjonar frå vår tid. Både Akin Düzakin og Inger Lise Belsvik er blant dei som stiller ut. Roald Tellnes har hatt separatutstillingar i mange land, og festspeldagane stiller han ut i Volda kunstlag. Billettsal frå 28. mars Billettsalet tek til onsdag 28. mars. Då kan du mellom anna kjøpe festspelpass med inngang til alle arrangement for 1050 kr. Dei Nynorske Festspela 2007 Programansvarleg: Åshild Widerøe Kunstnarleg råd: Ola E. Bø, Are Kalvø, Jan Kløvstad, Ane Dahl Torp og Margit Walsø Arrangør: Nynorsk kultursentrum