Der har vi dei! tenkte stemneleiar Kari Janne N. Ringstad då ho høyrde The Nordic Tenors under gallamiddagen på Akershus festning. Men Ringstad hadde hatt dei nordiske tenorane i kikkerten sidan i fjor, då dei song under Dei nynorske festspela i Aasentunet. Akkurat no har dei framsyninga "Bella Notte" på Christiania Teater, og har fått strålande kritikkar. Arild Grimstad i Hareidsstemna meiner Nordic Tenors etter framføringa for kong Harald har blitt endå meir i vinden, og han trur dei vil dra mykje publikum i Hareidshallen 21. oktober. At det her er snakk om tre klassiske tenorar pirra i alle fall interessa mi. Og det trur eg ho vil gjere hos mange andre songinteresserte også, kommenterer Arild Grimstad. Han opplyser at dei under Hareidsstemna tidlegare ikkje har hatt tre tenorar som syng kvar si stemme samtidig.

Kombinerer alvor og humor

Nordic Tenors har eit variert repertoar, frå opera til popsongar og viser. Dei kombinerer humor med alvor under konsertane, og i fjor fekk dei Komiprisen for beste nykomar i 2006. Vi trur Nordic Tenors appellerer til eit yngre publikum også, seier dei to i stemneleiinga, og viser til at det i det siste har grodd opp fleire syngjande songgrupper med unge menn på Hareidlandet. Songarane i Nordic Tenors er Sveinung Hølmebakk, Aasmund Kaldenes og Jan-Tore Saltnes. Alle tre har klassisk songutdanning. Saltnes har utdanninga si frå Noregs Musikkhøgskule. Han har sunge i Gli Scapoli og samarbeidd med Sissel Kyrkjebø, Jahn Teigene og Silje Nergaard. Hølmebakk har mastergrad frå Griegakademiet i Bergen, under leiing av Harald Bjarkøy. Han har sunge i det russiske folkemusikkensemblet Spolokhi, og har gitt ut tre soloplater. Aasmund Kaldestad har diplomeksamen frå Royal Academy of Music i London og har studert med Ian Partrigde.

Sjur Hjeltnes pianist

Men dei tre tenorane har også med seg ein pianist: Sjur Hjeltnes har klaverdiplomeksamen frå Ecole Normale de Musique Paris. Han har mellom anna jobba som arrangør og komponist for Bergen Filharmonien og Kenneth Sivertsens "Requiem". Kva slags konsert dei skal halde i Hareidshallen er enno ikkje bestemt. Først skal Kari Janne N. Ringstad og Arild Grimstad til Oslo for å lytte på dei. Nordic Tenors hadde faktisk veldig lyst til å gjeste Hareidsstemna, og vi kjenner oss trygge på at dei vil bli eit verdig punktum for Hareidsstemna 2007, kommenterer leiinga. Tidlegare har konserten i Hareidhallen brukt å vere fredagskvelden, men i år bli han siste programpost søndag.