Leiar Oda Renate Midtflø i Hareid Ungdomsråd opplyser at tanken bak CD-prosjektet er å stimulere til vidare vekst i musikkmiljøet blant ungdom i Hareid. Målgruppa er ungdomar mellom 15-25 år, og alle sjangrar er aktuelle. Tanken er at CD-en skal kome ut til neste jul. Vi er både ute etter ungdomar som har laga sjølvkomponerte ting, men som ikkje har vore så mykje framme i lyset. Men også ungdomar som spelar i band, spelar eit instrument, eller som berre syng, seier Midtflø. Ho opplyser at Studio 5B og bandet Five Beats vil hjelpe til med både akkompagnement og rettleiing, dersom det er ønskjeleg. Søndag 28. januar er det Ungdommens Kulturmønstring på Hareid. Kanskje er her nokon som lurer på om dei skal vere med. Meld dokke på. Kanskje kan det føre til CD-innspeling også, oppmodar leiaren i ungdomsrådet. Dersom interessa for å vere med på CD-en blir svært stor, må ungdomsrådet velje ut kven av dei 12-14 artistane som skal få vere med. Stikkord for utveljinga blir variasjon og kvalitet. For det må bli ein CD som folk har lyst til å høyre meir enn ein gong. Interesserte kan vende seg til Hareid ungdomsråd eller til Oddbjørn Grimstad, områdeleiar for kultur. Grimstad opplyser at ungdomsrådet alt har fått 30.000 kroner av Sparebanken Møre avdeling Hareid til prosjektet. I tillegg skal dei søkje fondsmidlar for å få dekt opp resten. Vi har to mål med prosjektet: Det eine er å stimulere det tidlegare gode bandmiljøet som var ved Hareid ungdomsskule. Dessutan vil vi at dei som driv for seg sjølve skal få ein sjanse til å kome fram i lyset. Midtflø og Grimstad håper prosjektet går med overskot, slik at nye pengar kan pløgjast inn i nye ungdomsprosjekt.
Kultur →
Skal gje ut CD frå ungdomsmiljøet i Hareid
Hareid ungdomsråd har som mål gje ut ein CD der unge musikantar frå Hareid får boltre seg. Studio 5B er leigd inn som konsulentar.