Datatreffet går av stabelen 18. - 21. februar, altså midt i vinterferien, i idrettshallen ved ungdomsskulen. Namnet på treffet er Winterstorm 07. Per Olav Digre har vore med og arrangert slike treff sidan 1999. Første gongen heldt dei til i ein kjellar hjå ein privatperson. Sidan har treffa vakse i storleik. Arrangørane ville gjerne at treffa skulle vere for fleire. Vinterferien året etter var Burnout Nettverksparty på Høddvoll. Då kom det 56 stykke. Digre kan skrive under på at det har vore ei rivande utvikling innan dataverda siste åra. Aldri har vel tilbodet dei kan tilby på eit datatreff vore større. Men likevel ser interesse for å kome ut til å vere noko lunken. I dag har mange internett heime, då gidd dei ikkje dra ut. Årets Winterstorm har plass til 252 ungdomar, men til no har berre 40 meldt seg på. Elisabeth Måløy og Per Olav Digre synest det er synd. På datatreff kjem ungdomar saman og kan utveksle erfaringar og kunnskap innan data. Måløy og Digre synest sjølv det er kjekt å kome seg ut å møte andre ungdomar med sams interesser.

Store pengepremiar

På datatreffet kan ungdomane vinne store pengepremiar på dei ulike konkurransane. Mellom anna skal det vere spelkonkurransar i Counter Strike 1.6, Battlefield 2, War Craft 3 og Trackmania Nations. Det skal vere musikktevling og kreativ tevling. Premiane spenner frå 15 000 kroner til ein matbit. Ei eiga gruppe står for underhaldning på treffet. Dei har skaffa scene, men kva som skjer frå scenen blir ei overrasking for dei som kjem.

Sunt og usunt

Elisabeth Måløy er kioskansvarleg. I vinterferien skal gjengen snikre opp ein eigen kiosk i idrettshallen. Frå kiosken kan Måløy love både sunn og usunn mat. Og ho vil servere varme og kalde rettar. Frå kiosken skal deltakarane få kjøpe bagettar, taco, pizza og ymse annan mat. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt. Digre kan opplyse om at dei vil ha eit eige vaktlag som passer på under samlinga. Dei vil stå med alkotestar i døra som deltakarane må blåse i. Har dei promille, slepp dei ikkje inn. Så enkelt er det. Om nokon drikk blir dei sende rett heim.

Plass til svevn

Digre har merka seg at ein del foreldre er uroa for at ungdomar ikkje skal få sove nok når dei er på datatreff. Han vil ikkje tvinge nokon til å sove. Men vil leggje tilhøve til rette for at dei som vil sove skal få høve til det. Eit eige område blir sett av til soving. Utanfor vil det sitje vakter som passer på at der er stilt. Elles er det dusjar og garderobe tilgjengeleg.

Registrert seg

For eit par månader sidan registrerte Burnout Nettverksparty seg i Brønnøysundregisteret som eige føretak. Men dei arbeider like fullt på idealistisk basis som tidlegare. Her er det ingen som tener pengar på å arrangere datatreff. Pengane dei tek inn på inngangspengar, går ut att til utgifter med treffet. For det kostar å arrangere datatreff, mykje skal organiserast. Utstyr skal riggast opp. Dei må få straum og nettoppkopling. Det skal mobiliserast og mykje anna. Digre og Måløy fortel at sjølv om datatreffet i vinterferien "berre" varer i fire dagar, varer det ni dagar for dei. Så lang tid tek det å rigge opp og rydde ned alt saman. Då datatreff-gjengen registrerte seg vart Per Olav Digre dagleg leiar og Elisabeth Måløy økonomiansvarleg.

Førehandspåmelding

Burnout Nettverksparty har lagt ut billettar for sal på ymse butikkar i Ulstein, Hareid, Fosnavåg og Tjørvåg. Og dei kan kjøpast på internett. Arrangørane har sett seg lei av folk som melder seg på datatreff og ikkje dukkar opp. Difor må deltakarane denne gongen betale på førehand. Ein kan og betale inngangspengar i døra, men då er det noko dyrare. - Aleksander Strand har gjort ein fantastisk god jobb. Det er han som har programmert systemet som gjer at folk kan melde seg på og betale på førehand, seier Digre.

Romantikk

Elisabeth Måløy og Per Olav Digre møtte kvarandre gjennom datamiljøet. - I 2003 var eg på mitt første datatreff. I 2004 trefte eg Per Olav. I 2005 kom eg med i crewet, og i 2006 trulova me oss, smiler Måløy og ser forelska bort på sin utkåra. Per Olav smiler tilbake. Han kan fortelje at dei ikkje er dei første som har møtt kvarandre på dette viset. Eit anna par er i dag gifte og har fått to born. - Så dette er ikkje berre for nerdar, slår Digre fast. Det forelska paret ser ikkje vekk ifrå at historia kan gjenta seg for andre ungdomar.