Bizarre har fleire gongar tidlegare hatt bilete av Mariann S Sæbjørnsen i galleriet sitt. Sæbjørnsen er født i Ålesund, men bor nå på Sula med eige atelier og kurslokale, og arbeider som billedkunstlærar ved Sula Kommunes kulturskole. I tillegg har ho eigne male og teiknekurs for barn og vaksne. Sæbjørnsen er utdanna innan reklame, grafisk formgiving og dekorasjon. Maleria til Sæbjørnsen er fargerike. Dei heilt nyaste bileta er lysare i fargen. Mange er sikkert kjent med bilda hennar frå før etter fleire utstillingar både på Hareid og i Ulsteinvik. Eg er veldig godt motteken i hjå dykk, og har selt mange bilete der. Eg har tydelegvis treft ein streng der, seier Sæbjørnsen. Bilda kan i fyrste omgang sjå ut som dei er gjort i olje, men det er akryl ho jobbar med. Eg brukar litt spesielle teknikkar og uvante måtar å jobbe med akrylen. Eg jobbar intuitivt og leitar fram motivet ved å male, vaske og skrape. det er ein omstendeleg prosess. Det vert ofte hus, folk eller typiske fragmentbilder, fortel kunstnaren. På nokre av bilda kan ein sjå at ho er inspirert av Ålesund og kysten generelt. Folk må berre kome og sjå, og gjerne ta kontakt med meg. Eg har atelier på gamleskulen på Eikrem, fem minutt frå Sulesund, der har eg ei eiga salsutstilling. Ho har hatt ein rekke separatutstillingar, og har gjort utsmykkingsarbeid for m.a. Gjensidige Forsikring og Uksnøy Barents KS. Aksel Knutsen stiller ut fotografi Aksel Knutsen frå Haddal er nok eit kjent namn for dei fleste av lesarane våre. Han jobba som journalist og it-ansvarleg i Vikebladet Vestposten. Han er også ein habil fotograf og har m.a. teke nokre nydelege bilete frå kysten vår. Eit fotografi av ei bølgje som slår innover gjev ein kjensle av korleis båra byggjer seg opp på ein heilt spesiell måte. Ein måseunge han nesten trakka på er også nydeleg fotografert, der du nesten kan sjå vinden som bles gjennom dei dunete fjøra hans. Ferdig innramma ligg prisen på desse bileta innanfor rekkjevidd til dei fleste. Utstillinga er i høgaste grad vel verdt eit besøk. Knutsen har ei nettside der du kan kjøpe fotografi av han; aksel.knutsen.be
Kultur →
Ny utstilling på Bizarre
På Galleri Bizarre kan du no sjå oljemaleri av Mariann S. Sæbjørnsen og fotografi av Aksel Knutsen.