Torsdag 12. november opnar Ulstein kunstlag utstilling med Alexander Stub.

- Vi ser fram til ei heilskapleg og energirik utstilling, heiter det i ei pressmelding frå kunstlaget.

Alexander Stub er fødd i 1978 og busett i Bergen. Han har utdanninga si frå Kunstskolen i Bergen, og har hospitert i 3 år i eit grafisk atelier i same by frå 2002 til 2005. Han har hatt ei rekkje separatutstillingar rundt om i landet, og han er innkjøpt av fleire store bedrifter, mellom andre Statoil, Telenor og Norsk Hydro.

Alexander Stub lagar grafikk inspirert av den ville og majestetiske naturen, og i dei siste bileta har han uttrykt seg naturalistisk på ein enkel måte. Det karakteristiske ved Stub sine arbeid er den sterke bruken av fargar og kontrastar. Her kan alle finne sin farge og si stemning. Bilda er stilsikre, dei gnistrar og lyser i klare kontrastar mellom raudt, gult og blått. Dei skaper ei stemning der alle kan leve seg inn i si eiga verd.

Alexander er ein person som brukar mykje tid i fjellheimen og på sjøen, og då vert han lett inspirert av den skiftande naturen til alle årstider. Han lagar aldri skisser på turane, men hugsar dei finaste stundene i hovudet til han set seg ned for å lage ny grafikk.

Linosnitt, eller linoleumssnitt, er ein høgtrykksteknikk som kan samanliknast med tresnitt i utføring. Motivet vert skore ut i linoleumsplata, trykksverta vert valsa på for hand og trykkast i ei trykkpresse. Stub brukar tre til fire plater til sine trykk, med fleire fargar på kvar plate. Nokre vert trykka vått i vått, medan andre tørkar mellom kvar plate.

Utstillinga varer frå torsdag til og med søndag ettermiddag, og  finn stad på Aktivitetshuset på Vikholmen.