Ulstein kunstlag hadde ikkje hatt utstilling med glaskunst sidan 1984, så no meinte styret det var på tide.

I kveld opna dei utstilling med Kristina Mikneviciene frå Litauen og Ingrid Ulla frå Ålesund.

Då dei fekk tips om Kristina Mikneviciene og såg den flotte kunsten hennar fekk dei lyst til å lage til utstilling med henne. Det var særleg glaskunsten hennar dei fall for, men dei likte også at ho er så allsidig. I tillegg til nydelege og fargerike glasmåleri var det også med store teikningar og måleri i utstillinga som ho stod bak.

- Alt er gjort med stor nøysemd. Eg trur ho er perfeksjonist, kommenterte kunstlagsleiar Aud Marit Wigg.

Kunstnaren var også flink til å lage mat. Ho hadde med nokre vakre, pastellfarga franske makronar til opninga. Dei var ein fryd for både auge og gane.

Kristina vil vise kven ho er gjennom kunsten sin. Fleire av glasmåleria hadde motiv frå Litauen.

Måleria var av nakne, eldre menneske. Kristina Mikneviciene fortel til Vikebladet Vestposten at desse bileta måla ho då ho gjekk på Vilnius kunstakademi. Dei tok inn fattige folk frå gata inn i studioet. Mot nokre kroner stod dei modell. Slik fekk studentane trening i anatomi, fargebruk og komposisjon.

Her var mykje flott å sjå på. Glasmåleria låg på mellom 4000 og 15 000 kroner. Oljemåleria låg på 2500 til 5000. Teikningane kosta frå 2000 til 4000.

Glasblåsar Ingrid Ulla hadde ikkje høve til å vere til stades på opninga, men hadde vore der kvelden før med lekre glas, vasar og hjarte. Det var både klart glas, pastellfarga og friskare fargar.

- Denne gongen her er det ein godtebutikk. Her er mykje lekker, sa kunstlagsleiaren om kunstutstillinga.

Utstillinga er på Vikholmen til og med sundag15. juni.

Utstilling med glaskunstnarar