Dei fem er: Greta Håkonsholm, Gunhild Falch, Judith Grimstad Hatløy, Beatriz Villarroel og Merete Dragsund. Fire av dei fem har hatt kunstutstilling i lag før. Nytt for denne utstillinga er at Dragsund er med. Ho stiller med strikk, saum og toving.

– Ho har flotte barneklede og nydelege, store englar som er fine til jul, fortel damene.

Det er stor variasjon i kunsten dei stiller ut. Dei driv med mykje ulikt.

Håkonsholm og Falch har måla i lag i fleire år. – Me flirer mykje i lag og utviklar oss, fortel dei. Bileta Håkonsholm stiller med denne gongen er prega av at det har vore sommar, det er mykje blomar og solnedgang. Og nokre morosame høner. Falch er glad i natur. Som Falch og Håkonsholm måler også Villarroel med akryl, men bileta hennar er meir abstrakte. Ho er glad i å kombinere bileta sine med små tekstar, gjerne bibelord.

– Inntektene frå bileta eg sel laurdag skal gå til eit barne- og familieprosjekt i Chile, fortel ho.

Judith Grimstad Hatløy er gald i gjenbruk, og håpar ho gjennom utstillinga også kan inspirere andre. Av gamle dukar og gardiner tryllar ho fram lappeteppe, hjarte, kopphanddukar og postkort. Ein nydeleg gamal porselenskopp, som eigenleg skulle kastast vart ei stilig nålpute.

Også noko å bite i

I tillegg til salsutstilling av kunst blir det kafé med kaffi, kaker og muffins. Så her er det mogleg å slå seg ned og kose seg.

– Det er kjekt å lage til her på Fredheim, så folk kan samlast og kose seg i lag. Dessutan er det kjekt å få vist andre kva me har laga. Me er hobbykunstnarar som synest det er kjekt å formidle og samle folk, seier dei og ønskjer alle velkomen til Fredheim laurdag.