Leiaren i Ulstein Kunstlag, Aud Marit Wigg, var veldig glad for å kunne ønskje kunstnaren Alexander Stub velkomen som utstillar på Vikholmen aktivitetshus. Ei utstilling som varar fram til søndag. Under opninga torsdag var det fleire som tok turen for å sjå dei fantastiske bileta til Alexander Stub.

- Eg såg ei utstilling med verka dine på Bystasjonen i Bergen i sommar, og vi har fått vite at du også har hatt utstillingar på stader som Bodø og Kristiansund. Du er ein veldig oppteken mann. Vi er difor særs glade for at du kjem til oss, og vi ønskjer deg hjarteleg velkomen hit til Ulsteinvik, sa Wigg til Stub under hennar tale.

Kunstnaren sjølv var til stades, men måtte reise vidare etter ein liten introduksjon av seg sjølv og verka hans.

Alexander Stub er fødd i 1978, og er busett i Bergen. Han er utdanna ved Kunstskolen i Bergen, og har mellom anna hospitert i eit grafisk atelier i Bergen frå 2002 til 2005. Han har hatt ei rekkje separatutstillingar kring om i landet, og verka hans er innkjøpt av mellom anna Statoil, Telenor og Norsk Hydro. No har han også ei fast utstilling på Galleri PROFIL i Bergen. Det var faktisk Stub sjølv som søkte Ulstein Kunstlag om å få stille ut hos dei.

- Eg har aldri vore i Ulsteinvik før, så no var det på tide, sa Alexander Stub til dein frammøtte.

- Eg går mykje i naturen. Det er den beste plassen å finne den rette inspirasjonen. Det er masse fargar og former i naturen. Eg teiknar aldri ned skisser av spesifikke fjell eller noko slikt, eg nyttar hugsen, seier Stub.

Han fortalde også om si reise til Island, der han opplevde fantastisk lys.

- Det var heilt spesielt, og har prega fleire av dei bilete dykk får sjå her.

Linoleumssnitt

Stub nyttar ein heilt spesiell teknikk, som berre eit fåtal norske kunstnarar nyttar, linoleumssnitt.

- Det blir mykje det same som når ein lagar tresnitt. Det er den eldste måten å skape grafikk på. Linoleum er heilt spesielt å nytte som materiale, men det er enkelt å hanskast med, seier Alexander Stub.

Utstillinga blir å sjå på Vikholmen aktivitetshus til og med søndag.