Ikkje søren om eg skal ha nokon DAB-radio!

Nokre prinsipp må ein ha her i livet. Ikkje DAB-radio, at menneskelivet er ukrenkeleg og nei til plastjuletre i heimen. Før hadde eg også «Nei til hund» som eit prinsipp, men etter at eldste dottera vår nytta høvet til å skaffe seg eit eksemplar av arten canis lupus familiaris medan ho var utvekslingsstudent i USA for nokre år sidan, og det var ingen ting vi kunne gjere for å hindre det, så vart på ein måte det prinsippet ikkje så mykje verdt likevel. «Over mitt lik!», var gjerne omkvedet mitt når hundespørsmålet kom på bane, men eg lever enno og han Elvis tassar no rundt her heime og er i grunnen ganske sympatisk til eit dyr å vere.

Men så var det denne DAB-radioen då.

Er det noko eg, og tydelegvis mange med meg, mislikar, så er det å få tredd saker og ting nedover hovudet og andre kroppsdelar frå sentralt hald, anten ein no kallar det DAB-radioar, kommunesamanslåingar, utdanningsreformer, dieselavgifter og andre påfunn. Her har altså ein eller anna flinkis nede i Oslo på eitt eller anna tidspunkt funne ut at, jau, DAB må vi ha, og så attpåtil fått med seg fleirtalet på Stortinget til å gå inn for å legge ned heile FM-nettet og dermed skrote millionar av fullt brukbare FM-radioar.

No er det ikkje slik at eg høyrer så forferdeleg mykje på radio. Mottakartilhøva for FM-bølgja her Haddal sentrum er så dårlege at vi må nøye oss med NRK Sogn og Fjordane, og når bilantenna i tillegg har gått kruken for lengst, seier det seg sjølv at det vert heller lite radiolytting. Men i prinsippet! I prinsippet har eg meint at FM-nettet må få leve vidare, om ikkje anna som eit reservesystem når solstormar, terroråtak, zombieapokalypser eller vulkanutbrot sender oss tilbake til steinalderen.

Så har det seg slik då, at eg nyst har fylt år. Halvtres år, det høyrest ikkje så ille ut om vi tek det på dansk. Og trur du ikkje at dei kjære kollegaene mine skrapa saman det vesle dei hadde av skillingar og gjekk av stad og kjøpte meg ein DAB-radio?

Det verste er at eg er svært nøgd med radioen! Teknologisk er jo dette eit stor framsteg, guddbai til morgonsendingane frå NRK Sogn og Fjordane, velkomen til P7 Juleklem med julemusikk 24/7 og kva som eventuelt skjer om, eller rettare når, det digitale nettet kollapsar, er då ærleg talt ikkje mitt problem! Det får politikarane ta ansvaret for, det er dei jo så flinke til elles.

Apropos politikarar, også eg måtte ta farvel med nokre av mine prinsipp, med DAB-radioen i hus. Men respekt for menneskelivet, det tykkjer eg bør stå fast. Det same gjeld for så vidt forbodet mot plastjuletre i heimen. Dette trass i at enkelte familiemedlemmer reagerer allergisk på naturtre. Men den allergiske reaksjonen er heldigvis ikkje så kraftig at det står om livet. Då ville mest truleg motviljen mot plastjuletre vike mot prinsippet om at menneskelivet er ukrenkeleg, for trass alt står omsynet til livet noko sterkare. I alle fall i prinsippet.