Siste åra har det vore mest vanleg å legge slike arrangement til det fine bygdahuset på Hasund, men denne gongen vil Con Moto igjen invitere publikum og gjestar til Ulsteinvik sentrum. Dei to kora kjenner kvarandre frå tidlegare felles arrangement både på Vartdal og i Ulsteinvik, og repertoarmessig utfyller dei kvarandre på ein fin måte. Begge kora vil presentere litt av det stoffet dei har arbeidd med sidan i haust, og i tillegg vil det bli mat- og loddsal og litt allsong. Con Moto med sine 40 medlemar skal i juni delta på songarstemne på Sunndalsøra, og til hausten emnar dei på ein kyrkjekonsert. Neste år har koret 30 års jubileum, og dei vil då arrangere songarstemne i Ulsteinvik. Dei ser fram til å kunne invitere songarar til konsert i det nye kulturhuset, og med nytt hotell i sentrum og stor fin folkehøgskule på Varleite er heller ikkje overnattingskapasiteten noko problem lenger. Årsmøtet i koret vart som vanleg avvikla i midten av januar. Arvid Myklebust held fram som leiar, og med seg i styret har han Bjørg Moldskred som nestleiar, Tore Øvrebø som kasserar, Åse Strandheim som sekretær og Karin Lehmann som styremedlem.