Etter 12 års opphald er Hareid Amatørteater igjen klare for scena. "Tango for tre" er ein forviklingskomedie som er skriven av John Chapman og Dave Freeman. Instruktør er Jan Hareide, som synest han har hatt ein herleg og arbeidsam gjeng å jobbe med. Hovudrolla "Helga" blir spela av Gjerd Fjellanger. Ho har to elskarar, som ikkje må få vite om kvarandre. Stykket startar med at Helga ligg i ei gullforgylt dobbelseng og hyggjer seg med Georg (Oddvar Haugen) frå Sunnfjord. Så går lyset ned og kraftig ompa-ompa-musikk gjallar gjennom soverommet. Når lyset kjem på att hyggjer Helga seg med Kåre Bastiansen (Ståle Røyset). Når venninna Anne (Mary-Ellen Brandal) kjem på vitjing frå Australia, startar konflikten for fullt. Anne har reist frå mannen Richard (Ottar Brandal). Etter ei stund kjem også han på besøk, og forelskar seg i Helga. Dermed begynner konflikten å toppe seg. Richard er mildt sagt av den drikkfeldige sorten, og er stort sett utsøkt elendig. Etter kvart troppar også Magda (Randi Kvammen), kona til Georg inn på scena. Og når Mildrid (Kjersti Elvebu), kona til Bastensen også entrar scena, er forviklingskomedien komplett. Jan Hareide opplyser at "Tango for tre" blir spelt på Trudvang fredag og søndag i neste veke. Om det blir fleire framsyningar er avhengig av publikumstilstrøyminga. Innøvingstida har vore kort, men til gjengjeld svært hektisk. I løpet av denne helga skal teatertroppa har fleire gjennomgangar, for retteleg å få replikkane og rytmen i inn- og utgangane til å sitje. For tempo og presisjon er viktig når komikken skal vikle seg til.

Kåre Bastesen (Ståle Røyset) set drinken i halsen når Anne (Mary-Ellen Brandal) kjem frå Australia på besøk.
Richard (Ottar Brandal) kjem frå Australia og forelskar seg i Helga (Gerd Fjellanger), bestevenninna til kona.
Georg (Oddvar Haugen) får godt stell av Anne (Mary-Ellen Brandal).