Sundag vart den tradisjonsrike vårkonserten for korpsa i Hareid gjennomført. Denne gongen var det Musikklaget Melshorn som arrangerte konserten. Når korpsa hadde øving i lag i helga var det skulekorpsa som stod i fokus, men ein del av dei vaksne var òg med på øvingane. Slik fekk dei unge nokre å sjå opp til å strekkje seg etter, som konferansier Barbro Østrem sa det.

Tubasolo

Det var Musikklaget Melshorn sjølv som opna konserten. Det kanskje beste innslaget frå dei var "A touch of Tuba", med ein tubasolo. Dette var eit flott og annleis innslag på korpskonserten. Julianne Hauge Mork dirigerte korpset.

Populærmusikk frå Bigset

Korpsmedlemene i Bigset skulekorps hadde sjølve bestemt kva musikk dei ville setje opp. Valet fall på populærmusikk. "I will survive" sat som ei kule i rekkjene. Skulekorpset har dei siste åra hatt eit stabilt medlemstal på rundt tretti medlemer. Korpset har planar om å reise på korpstur til Bø i Telemark. Dirigenten deira er Tone Lise Bjåstad.

Funky Hareid

Tredje korps ut var Hareid skulekorps. Dei har 33 medlemer og 10 aspirantar. Julianne Hauge Mork dirigerte dette korpset òg. Hareid skulekorps har tenkt seg på korpstur til musikkfestivalen på Gjøvik. Då skulekorpset spelte "Funky Town" var det mange små i salen som spratt opp og byrja danse. Dette var musikk det svinga godt av.

Tid for musikal

Hjørungavåg Brass hadde late seg inspirere av filmmusikk og musikk frå musikalar. Dirigent var Svein Smørdal. Dei spelte "You Can Leave Your Hat On", "Anthem" og "The Bridge Over The River Kwai". På sistnemnde fekk publikum vere med å plystre. Kjende tonar vart flott framførte.

Alle i lag

Korpskonserten vart avslutta med tre nummer dei hadde øvd inn i lag. Ingen kunne høyre at dei berre hadde brukt ei helg på å øve inn repertoaret, så samstemte var dei. Avslutningsnummeret "Månemannen" sat godt i fingrane. Hareid har flotte korps dei kan vere stolte av. No er det berre å gle seg på 17. mai.

Hareid skulekorps fekk det til å krible i mange små bein.
Hjørungavåg brass spelte film- og musikalmusikk.
Musikklaget Melshorn stilte med tubasolo.
Jenter frå Bigset skulekorps.
Alle fire korpsa frå Hareid avslutta med tre nummer i lag.
Korpsmedlemene i Hareid skulekorps såg ut til å kose seg med spelinga.