Øystein Orten frå Hareid var fyrst ute med dikt om kvinner som tema. Det var godt oppmøte og Orten var nøgd med både oppmøte og responsen frå publikum. Han er spesielt glad for at festivalen i år arrangerer skrivekurs for unge. Damedikta hans fell i smak hos publikum, skriv Sunnmørsposten.