Ulstein Storband er meir aktive enn nokon gong før. Etter Elvis-konserten sist sommar fekk bandet endå fleire fans. Faktisk er det slik at storblåsarane er blitt booka til å halde konsert på Sjøholt, der tributeartisten Bjørn Lid som Elvis held til.

Knallgode vokalistar

Men før storbandet reiser over fjorden blir det muntre storband-tonar på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik på fredag, noko musikarane i Ulstein Storband har sett fram til dei siste vekene.

- Øvingane har gått veldig bra den siste tida. Vi har no full storbandbesetning, noko som gir ein flott og fyldig klang. Vi kosar oss ilag. Men aller best er vi når vi har publikum til stades, fortel Hans Kristian Velsvik, trommis og leiar av storbandet.

- Kva skal de spele denne gongen?

- Vi er hyra inn til å få folk til å danse. Repertoaret blir ein fin miks av dansbar musikk frå julesviser til kjende Elvis-låtar, samt utvalde godbitar frå vårt rikhaldige arkiv. Med ei sunn blanding av kvinner og menn har storbandet klart å utvikle eit sprudlande og godt miljø. Kvinneandelen har vakse dei siste åra, og dei utgjer no 40 prosent av oss. Dette trur vi publikum vil merke, kommenterer Velsvik, og held fram:

- Vokalistane vi har fått med oss er forresten knallgode. Vi har med Trygve Sætre som er i kjempeslag. Og så har vi gleda av å presentere publikum for eit nytt songtalent for oss, Arnhild Bjerkvik. Dette skal bli ein fin kveld, med både fine duettar og flotte soloprestasjonar, sjølvsagt godt oppbakka av oss i bandet.