Onsdag offentleggjorde Norsk kulturskuleråd vinnarane av årets Drømmestipend. Totalt blir det delt ut 100 stipend på 10.000 kroner til soloutøvarar eller grupper innanfor kategoriane dans, musikk, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna.

Ein av dei nominerte som nådde heilt opp denne gongen er Joakim Nygård Jørve frå Ulstein. Nygård Jørve er kjend som svært dyktig både på trekkspel og kornett.

Ifølgje Drømmestipendet sine nettsider er draumen til den unge musikaren å kunne utvikle seg vidare som trekkspelar og kornettist.

Også Even Sævik frå Herøy er mottakar av Drømmestipend.