Hareid kyrkjelyd er ein av tre nominerte til Trusopplæringsprisen 2014.

Prisen har vore delt ut årleg sidan 2001 av IKO, Kyrkjeleg pedagogisk senter. Prisen har gått til kyrkjelydar, organisasjonar eller grupper som på ein særskild måte har fremja trusopplæring.

Hareid kyrkjelyd har utforma ein systematisk plan for trusopplæring på alle årstrinn frå null til atten år. Mange av tiltaka endar opp med ei gudsteneste. Mellom tiltaka er arbeidet med 17- og 18-åringar som inkluderer pilegrimsvandring i lokalmiljøet og festmiddag for å feire at ein har blitt myndig.

"Festen rommar både refleksjon, draumar og lesing av brev dei som konfirmantar skreiv til seg sjølve. Det er utforma årshjul og detaljerte skildringar av alle tiltak. Tiltaka vert formidla gjennom innbydande og opplysande brosjyrar. God kommunikasjon med barnehagar, skular og familiar har gjort trusopplæingsarbeidet godt kjent i bygda", heiter det i ei pressemelding frå IKO.

Dei to andre nominerte er konfirmantopplegget ”Følg meg” i Nordfjord og trusopplæringsarbeidet i Sigdal og Eggedal.

Vinnaren vert offentleggjort på Trusopplæringskonferansen onsdag 22. oktober framfor omtrent 1800 medarbeidarar frå kyrkjelydar i heile Noreg.Denne konferansen vert arrangert kvart år på Norges Varemesse på Lillestrøm. Prisen er på 20 000 kroner i tillegg til eit kunstverk av kunstnaren Helge Bøe.