Mange hugsar sikkert internettoppstyret tidlegare i vår, etter at den skotske songarinna Caitlin McNeill la ut eit bilete av ein to-farga kjole på Tumblr for å få hjelp til å avgjere om kjolen var svart og blå eller kvit og gullfarga. Saka skapte så mykje trafikk at fleire internettsider faktisk var i ferd med å bryte saman.

No er det ikkje sikkert dette spørsmålet vil føre til like stor åtgaum som kjolen til Caitlin, men i alle fall:

Under ei av sine mange vandringar kom Leiv Arne Grimstad over ein pinne med ein spesiell farge. Han klarte ikkje heilt å avgjere om trestykket var blått eller grønt. Etter å ha konsultert leksika kom han fram til at treverket var utsett for grønnved, ein sopp som skil ut eit grønt fargestoff.

Samanlikna med mosen i bakgrunnen ser likevel pinnen meir blå enn grøn ut.

Kva meiner du? Er pinnen på biletet blå eller grøn?