Musikkvideoen, som er produsert av Øystein Rise i 6060 Studio, og filma av britiske Olivier Whitehouse i Sektion Red, blei tysdag sleppt på Youtube og på gruppa si Facebook-side.

- I grove trekk skal videoen fronte den lokale sunnmørske naturen og inneheld difor scener frå blant anna Overåsanden, 1000-årsmonumentet, ei lokal basketballbane og fleire andre lokale naturperler. Lyrisk handlar musikken om dei få gode dagane vi får oppleve i livet, der ein varm sommardag blir brukt som metafor. Noko som kan vere sjeldan vare på eit ellers så vêrhardt Sunnmøre, skriv Elias Johan Liavaag i 6060 Studio, i ei pressemelding.Kontrollert Kaos har også oppdrag i sommar, og skal mellom anna ha konsert under Fosnavåg Rock 24. juni.

- Enogtjue nedpå bana slik vi gjorde før, seier rapparane i Kontrollert Kaos i sangen "En God Dag". Bileta følgjer teksten på ein god måte gjennom heile musikkvideoen. Foto: Skjermdump.