Det er nesten for gale å prise våren med ein konsert innandørs, når denne lyse årstida bankar på med slik tyngde som vi fekk oppleve søndag. Likevel fekk eit talrikt frammøtt publikum oppleve ein flott vårkonsert med alle dei fem korpsa i Hareid.

Det heile opna storslege med eit fellesnummer av Sousa sin kjende marsj «El Capitan», der alle musikantane kom marsjerande inn og stilte seg opp. Dei som er litt eldre kan nok minnast at delar av denne marsjen faktisk vart nytta som kjenningsmelodi til Vigra lokal for ein del år tilbake.

Tone Lise Bjåstad frå Bigset skulekorps dirigerte kjempekorpset, medan tamburmajor Lill-Marte Apelseth heldt styr på dei rundt 100 musikantane.

– Dette er vårens vakraste eventyr. Denne faste milepælen er starten for korpsa sin vårsesong, sa Kristian Fuglseth som var kveldens konferansier.

Hjørungavåg skulekorps var først ut med «Eye of the Tiger», kjend frå filmen om boksaren Rocky og kanskje er det også mange som har denne på øyret når dei er ute og joggar? Dei framførte også ein låt av Marius Müller, «Den du veit» før aspirantane til korpset vart med på «Napoleons marsj», kanskje betre kjend som «Napoleon med sin hær», ei framføring som fekk publikum i 17. mai-stemning tvert. Det er Iris Tangen Nanseth som dirigerer skulekorpset i Hjørungavåg.

Musikklaget Melshorn er det Jette Hougaard Holstad som dirigerer. Dei starta med ein marsj, «The Thunderer», før dei kunne på på noko så eksotisk som ein tubasolo. Janne Løseth var solist under framføringa av «A touch of tuba».

Musikklaget runda av med «A nations prayer», ei samling nasjonalsalmar.

Hjørungavåg Brass, dirigert av Svein Smørdal, opna med Edvard Griegs «Arabisk dans» frå Peer Gynt suite 2, deretter «Hey Jude» av The Beatles. Dei runden av med ein feiande sirkusmarsj, nemleg «Bravura» av amerikanaren Charles Duble.

Det vart også tid til eit lite attersyn i samband med Hareid skulekorps sitt 50-årsjubileum som var i fjor. Det var det Hans Otto Brekke og Greta Kirkebø som stod for. Dei overrekte ein klarinett med ein minnepinne som inneheldt ikkje mindre enn 1000 bilete frå korpset si historie til den yngste musikaren i Hareid skulekorps.

Bigset skulekorps og Hareid skulekorps har øvd i lag og deltok sist laurdag på korpskonkurranse i Skodje. Dei framførte det programmet dei framførte der, først vart det eit gjenhøyr med «Den du veit» før dei klemte til med Ole Edvard Antonsens «Vidda». Etter denne flotte framføringa, der ei svært habil perkusjonsavdeling fekk utfalde seg, vart det faktisk tilløp til ståande applaus hos enkelte. Heftig vart det også då felleskorpset framførte «Pål sine høner» med ein balkansk vri. Bigset skulekorps og Hareid skulekorps, dirigert vekselvis av Tone Lise Bjåstad og Anita Nøring, avrunda si avdeling med «Emperor suite» som består av tre satsar.

Som ei verdig avrunding på ein vellukka korpskonsert framførte felleskorpset «Gammel Jegermarsj», før dei baud på eit ekstranummer, nemleg Sousa-marsjen dei starta det heile med.