Peparkakehuskonkurransen har trukke mange nysgjerrige til vindauga til Folk Spiseri, og mange av gjestane har vore ivrige på å spørre dei tilsette kring dei flotte konstruksjonane.

Det var faktisk heile 120 personar som leverte sine stemmer frå og med då fristen for å levere inn hus var over, til trekninga fann stad torsdag ettermiddag.

- Det var uhyre jamt. Berre sju stemmer skilde første- og tredjeplassen, kunne drivar Thor Erik Andersen fortelje under kåringa.

I tillegg skulle ein jury kåre den dei meinte var vinnaren. Juryen bestod av Oscar Overvåg Tafjord frå Folk Spiseri, Knut Kleiven frå Ulstein kommune og underteikna frå Vikebladet Vestposten.

Flotte detaljar og verdige vinnarar

Til slutt vart det verdige vinnarar både av folkets pris og juryprisen. Folkets pris blei overrekt til Anne Hestflått, for sitt flotte hus med Hans og Grete-tema. Ho fekk overrakt ein sjekk på 1.500 kroner, også den laga av peparkake, som kan nyttast på Folk Spiseri.

Juryen vurderte dei i alt seks husa som kom inn i årets konkurranse nøye, og sjølv om det også her blei svært jamt, vart det til slutt kåra ein vinnar. Vinnaren blei Siv Helen Johnson Tødenes, som hadde laga eit enormt detaljrikt hus, der også stakittgjerdet kring huset var laga av etande materiale. Ho fekk ei korg med diverse produkt og godsaker frå Folk Spiseri.

Drivarane av Folk Spiseri, Thor Erik Andersen og Ingrid Margrethe Ulstein, vil oppmode folk til å lage endå fleire flotte peparkakehus neste år, slik dette kan bli ein flott tradisjon i åra framover.

- Vi gler oss til neste år allereie! seier dei to.