For andre år på rad har Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten arrangert konkurranse for ungdom.

I år er det teikneserietalenta som skal heidrast. Inspirert av ordtaket «Det vert ingen siger utan strid» har ungdom mellom 16 og 20 laga teikneseriestriper på nynorsk. Dei tre beste teikneseriestripene er no plukka ut, og vinnaren av konkurransen stikk av med heile 5000 kroner.

I juryen har Egil Olsen med seg Bjørn Vatne frå Sunnmørsposten og Anders Aanes frå Ivar Aasen-tunet.

Ungdomsarrangement på Rokken

Vinnaren av teikneseriekonkurransen blir presentert på eit ungdomsarrangement på Rokken fredagen.

Egil Olsen er både musikar, teiknar og juryformann. Musikaren skal underhalde publikum med eigne songar, men det er også fleire som skal stå på scenen denne kvelden. Der er fleire gode utøvarar på programmet. Søstrene Guro og Synnøve Myklebust frå Oppstryn skal syngje og Camara Joof frå barne- og ungdomsteatret Den mangfaldige scenen viser scenekunst som er laga spesielt for dette arrangementet.

Programleiar er Tone Hafsås, som tidlegare har vore programleiar for UKM og nestleiar i Ungdomsrådet i Ålesund.