Fyrstkomande søndag kan du verte med Hjørungavåg Turlag til ein spennande tur i Vartdalsfjella. Denne gongen går turen til det ein med rett kan kalle ”det rituelle landskap”.

Dei to mystiske steinlabyrintane i fjellet ovanfor Vartdal ligg på om lag 900 meter over havet. Ein ligg like ved Isflåna og vert kalla Isflålabyrinten, medan den andre som går under namnet ”den julianske borg”, ligg på eit platå like nordvest for Grøthornet. Dette er dei einaste registrerte steinlabyrintane i denne delen av landet med unntak frå ein nylig registrert labyrint i Fræna som ein enda ikkje er viss på om er ekte.

Steinlabyrintane som også vert omtala som trojaborger, er av dei mest unike og mystiske kulturminna vi har på Sunnmøre. Fagfolk og lokalhistorikarar har hatt forskjellige teoriar om opphavet til labyrintane. Enkelte har hevda at dei kan vere meir enn 2500 år gamle, og vere konstruert i tilknyting til soldyrking eller ei form for sol-kult. Nyare forsking på denne kulturminnekategorien i Sverige (der over 300 labyrintar er registrert), kan tyde på at labyrintane er langt yngre og vere ein del av ein kristen rituell praksis. Symbolet er også funne som veggmaleri på kyrkjer i Noreg.

Turleiar og arkeolog Arve Eiken Nytun, med spesialisering innan historisk arkeologi og vitskapsteori vil fortelje litt om labyrintane, segner som er knytt til dei, og den forskingshistoriske statusen kring labyrintane som eit nordisk fenomen.

- Uansett kva formålet med labyrintane har vore, er opplevinga av dei som forhistoriske spor i eit fantastisk landskapet noko som gir rom for både fantasi og ettertanke, seier Eiken Nytun.

Etter oppmøte ved Nordvindu i Hjørungavåg søndag morgon, går turen samla til Vartdal og Årsetdalen. Nokre av bilane vert parkerte på Myklebust då råsa ned att endar her. Får o kome opp til labyrintane går følgjet opp råsa på Sætre heilt til  dei når Sætshornet. Herifrå går turen vidare om Isflålabyrinten og Isflåna før ein siste stopp ved den Julianske borga. Deretter vert det å gå attende råsa ned mot  Myklebust.