Rett innanfor hovudentreen på Amfi-senteret i Ulsteinvik sit bokredaktør Magne Grimstad jr. og styreleiar i Ulstein historielag Aksel Hauge. Dei sel av den nye utgivinga “Levd liv” som er ei årsskrift frå Ulstein historielag.
150 eksemplar
Både Magne og Aksel er ivrige seljarar, og Magne trur dei laurdag vil selje heile 150 eksemplar av den flotte tidsskrifta som i år har den tradisjonelle og historiske sjøbudfargen okergul.
– Det er åttande gong vi gir ut boka, som har fått ulik farge kvart år. Så i år vart den okergul. I denne utgåva av “Levd liv” får kjøparane av boka blant anna lese om krigsflygaren Olav Ulstein, eit tragisk forlis i Ulsteinfjorden og gründeren og industrimannen Leif Hatlø, fortel Aksel Hauge ved salsbordet, som samstundes understrekar at årets utgiving er ekstra innhaldsrik med gode historier og flotte illustrasjonar som strekk seg gjennom heile 108 sider.
– Det er det største sidetalet nokon gong, fortel han.
Ikkje nok med 500 opplag
Grimstad og Hauge legg til at dei har fleire opplag av boka i år, sidan dei opplevde salsrekord i fjor då opplaget på 500 bøker vart selde.
– I år er vi betre førebudd med eit opplag på 700 bøker. Så boka kan du finne i fleire bokhandlarar, informerer dei.
Grimstad og Hauge er sikker på at årets bok vert like godt teke i mot som fjorårets bok.
Samstundes sel dei boka “Ulsteinvik i bilde” frå 1900–2000 av Einar Grimstad.
Notarar i “svarteboka”
Sjølv om det var mange som samla seg rundt bordet for å sikre seg eit eller fleire eksemplar av “Levd liv”, gjekk likevel nokre rett forbi.
– Ulsteiningar som ikkje kjøper boka skriv Aksel ned namnet på i ei svart bok, fleipar Magne Grimstad med eit lurt smil om munnen.