Zari Demirova som sit på servicetorget ved Ulstein kommune fortel til Vikebladet Vestposten at pågangen for å få tak i billettar til julenattineen og nyttårskonserten er stor.

- Bilettsalet starta i dag måndag klokka 09.00. Berre den første timen vart 700 billettar til dei ulike julearrangementa seld, fortel Demirova.

Ho fortel at fleire har ringt inn til servicetorget for å sikre seg billettar, og at billettane er borte om to-tre dagar.