Hareid blandakor inviterer til korkafé på Hareid bedehus søndag 12. april. Dei har fått med seg Ulstein mannskor som gjestekor og håper bygdefolket vil møte opp til ein hyggeleg ettermiddag med korsong, god mat og variert program.
Ulstein mannskor ber vidare tradisjonen med god mannskor-song. Dei feira i fjor 130-årsjubileum, og har gjennom alle åra vore gode representantar for mannskorsongen på Sunnmøre. Koret har eit variert og moderne repertoar, og dei er mykje nytta til å spreie fest og glede både i heimbygda og andre stader på Sunnmøre. Arrangørane har merka seg at dirigenten Robert Skeide er oppvaksen på Hareid, og er glade for at dei no vil ta turen over Eidet og vere med på å skape god stemning på korkaféen.
I tillegg til song av dei to kora vert det også diktlesing og sjølvsagt åresal og mat frå rikhaldig kakebord. Og så vert det godt høve til godprat med vener og kjenningar rundt småborda.