Johan H. Grimstad døydde brått 8. mars 2006 81 år gammal. Hans Gisle Holstad, leiar i nemnda som står bak minnekonserten, opplyser at kvelden i Hareid kyrkje skal vere ei helsing og takk til Johan H. Grimstad. Han la ned eit stort arbeid innan kultur i Hareid og vidare utover i landet, seier Holstad. I Hareid har han sett eit sterkt preg på kulturlivet som dirigent, songar, talar, diktopplesar, komponist, lyrikar, teiknar og målar. Han har vore med på å gjere folk åndeleg rikare. Fleire meiner han i vår tid har vore den mest produktive komponisten og arrangøren innan mannskor i heile Norden, fortel Holstad.

Særeigen mannskorklang

Gjennom komposisjonane og arrangementa sine har Johan H. klart å dyrke fram ein særeigen mannskorklang, og håpet er at noko av denne klangen skal klinge i Hareid kyrkje fredag. Kora som skal synge er Hareid blandakor, Hareid kammerkor, Grimstadkoret, Vox Virorum og eit felleskor. I kvartetten "Hareidsgutane" syng Joar Møller, Pål Andre Worren, Daniel Moldskred Strand og Truls Røyset Håbakk. Arild Grimstad og Eileen Hareide Brandal skal synge duett, og eit barnekor frå musikk- og kulturskulen skal også synge. I tillegg skal Arnljot Grimstad lese dikt som Johan H. har skrive. Oddbjørn Grimstad blir programleiar.

Minnefond

Nemnda er glad for at ordførar Gunn Berit Gjerde vil vere med å markere stunda med ei helsing frå det offisielle Hareid, understrekar Holstad. Johan H. var ein markant person i hareidsmiljøet, med klare synspunkt på dei fleste samfunnsspørsmål. Han var ikkje oppteken av å ri på populære standpunkt, og det var sjeldan tvil om kva han meinte. Replikkane hans var ofte slåande. Heldigvis har vi klart å samle inn det meste av det Johan H. Grimstad komponerte og arrangerte i fem bøker. Kommunen fekk trykt dei opp i eit lite opplag, og bøkene ligg samla ved kulturkontoret. Bøkene blir eit verdfullt materiale for folk som i ettertid vil studere komposisjonane og arrangementa til Grimstad. Men arbeidet med å få materialet inn på data står att, fortel Holstad. Han opplyser at inngangspengane til konserten skal få til eit minnefond som har til mål å ta vare på komposisjonane, arrangementa, dikta og teikningane som Johan H. har skapt. Holstad håper kyrkja blir fylt til siste stolrad under konserten fredag.