- Det er litt vemodig, kjipt å ikkje skulle spele meir, men gøy var det, sa gutane etter konserten. Det var stinn brakke på vikingen når dei rundt 150 frammøtte samla seg foran scena. Eit til tider ekstatisk publikum fekk oppleve eit Deep Frozen i storform som framførte gamle og nye sangar til stor jubel. Deep Frozen har vore eit av dei absolutt mest suksessfulle rockbanda i Ulsteinvik siste tida. Fredagens konsert vart difor eit verdig punktum for dei fire karane Sølve Styve Sæbø (vokal og gitar), Nils Kristian Pilskog (gitar), Olav Ulstein Vattøy (trommer) og Kristian Brudevoll (bass). Dette er forøvrig Vikebladet.no sin andre video på Web-TV som blei lansert i dag (Laurdag). Les meir om konserten i papirutgåva Tysdag.