At fotolegenden Knut Bry vil kome til Ulsteinvik med utstillinga Empty Stores, er eit storhende, meiner initiativtakar Gunnar Wiik. Bry vil også vere til stades under opninga av utstillinga på Sjøborg laurdag 13. september, midt på dag. Der vil det bli danseframsyning ved ei gruppe frå Herøy kulturskule som er leia av Aina Eliassen. Dei skal danse til musikk som Magne Furuholmen og Knut Bry har komponert i lag. Dessutan blir bandet Pikkabird med, og det vil også bli sagt nokre opningsord. Tomme butikkar i storformat Men sjølve utstillinga blir rundt om i Ulsteinvik sentrum. Vel 30 foto overført til aluminiumsplater fortel om nedlagde butikkar rundt om i Noreg. Knut Bry har dei siste åra fotografert over 2500 motiv av nedlagde butikkar. Den miljømedvitne kunstnaren er oppteken av at både landsbygda og byane må halde på dei små, lokale butikkane, og det er dette som er drivkrafta bak "Empty Stores". Ulstein kommune har sagt ja til å hjelpe til med praktisk tilrettelegging av utstillinga, og ordførar Hannelore Måseide meiner det er fantastisk artig å få ei slik utstilling til byen. Assisterande rådmann Verner Larsen seier at Tettstadgruppa i Ulsteinvik hadde eit skrekkscenario: At Ulsteinvik skulle ende opp med to kjøpesenter – og ingen ting i mellom. – For sentrum er det av stor verdi å fylle områda rundt kjøpesentera med interessante småbutikkar. Det gir liv og personlegdom til byen, skyt Måseide inn. Småbutikkane er krydderet – Mangfald er eit stikkord. På same måte som den maritime industrien i regionen har skaffa seg mange bein å stå på, må også eit sentrum ha ulike typar butikkar og tilbod, kommenterer Svein Rødset i Ulstein Marknadsforum. Alle tre er samde om at småbutikkane er krydderet i sentrum. Opninga av Empty Stores blir altså på Sjøborg kulturhus i samarbeid med hotellet. Direktør Odd Petter Meinseth ved Quality Hotel Ulstein kjenner personleg Knut Bry frå den tida han var tilsett ved Bølgen & Moi i Stavanger, og Meinseth håper folk forstår at dette er ein kunstnar og ei utstilling som er verd å sjå. – Knut Bry er ein fantastisk kunstnar, og det er artig at ein såpass liten stad som Ulsteinvik får ei slik utstilling. Dessutan er det fantastisk flott reklame for Ulsteinvik, legg han til. Empty Stores under Tettstadkonferansen Empty Stores blir hengande på husveggene i Ulsteinvik i vel ein månad. 23.-24. september er Ulstein kommune vertskap for ein landsdekkjande tettstadskonferanse, og ordførar Måseide synest det er stas at dei då får sjå Empty Stores. Konkret kvar bileta blir hengde opp, er ikkje avgjort enno. Men Gunnar Wiik forsikrar at alle huseigarar blir spurde før fotoa blir festa på veggene. Han har personleg garantert for kostnadene med utstillinga, og har no sendt oppmoding til bedrifter i Ulstein kommune, med oppmoding om å sponse utstillinga. – Ho vil garantert bli ein attraksjon som set Ulsteinvik på kartet, lovar Wiik.