Eirin Muren og Karsten Heimland skal vere konferansierar under laurdagens felles UKM for Hareid og Ulstein i Sjøborg kulturhus. –Vi har meldt oss på UKM fordi det er kjekt å treffe andre ungdommar og ei utfordring, seier 16-åringane. Foto: Marie Flatin

- Publikum må ta turen på kulturmønstringa for å oppleve mange dyktige ungdommar, samstemmer Eirin Muren og Karsten Heimland.

Dei to 16-åringane frå Ulstein har meldt seg på som konferansierar, og har alt starta førebuingane for å leie laurdagens show i Sjøborg kulturhus.

- Vi har fått ein del informasjon om deltakarane og vil også snakke med dei under lydprøvene på laurdag. Noko vil vi også ta på sparket, fortel dei to.

- Heilt konge

Medan Eirin er heilt fersk som UKM-konferansier har Karsten vore med fleire år. Han fortel at han brukar å vere avslappa tidleg på dagen, men rett før showet startar dunkar hjertet ekstra fort.

- Etter kvart går det over og etter nokre turar på scena er det litt morosamt å vere bak scena og sjå kor forskjellig deltakarane er før det er deira tur. Det er mange spente, fortel Karsten.

I fjor fekk Karsten også mulegheit til å vere konferansier under fylkesmønstringa.

- Det var heilt konge, og eg håpar sjølvsagt på å få den mulegheita i år også, seier 16-åringen.

Dansande konferansier

Eirin har alt vore i elden på UKM-scena, i Ålesund tidlegare i januar. 16-åringen som går første året ved musikk, dans og drama-lina ved Fagerlia vidaregåande skule stilte med eit dansenummer saman med medelevar.

Ho vurderte også å melde seg på med dans i heimkommunen Ulstein, men bestemte seg for berre å melde seg på som konferansier.

-Eg har i fleire år hatt lyst til å gjere det, fortel ho.

God kjemi

Eirin vart for alvor inspirert til å prøve seg som konferansier etter fjorårets UKM i Ulstein då ho vart såg Karsten saman med Ruben Voldsund i aksjon. Rett og slett fordi det såg ut til at dei hadde det veldig kjekt.

Årets konferansierar gjekk på same ungdomsskule så dei kjenner kvarandre litt frå før. Det trur dei er ein fordel då dei har tenkt å leie UKM-showet i lag, i staden for å dele jobben med å introdusere kvar sine innslag.

-Trivsel på scena er viktig og vi meiner det blir betre når vi gjer det i lag, samstemmer dei.

16 ungdommar frå Hareid

Frå Hareid kommune har 16 ungdommar meldt seg på. To av desse har meldt seg på med felles kunstverk. Dei andre fordelar seg på åtte sceneinnslag. Nokre heilt ferske, medan andre har delteke fleire gangar tidlegare. Det eine sceneinnslaget frå Hareid er også den einaste filmen med i årets fellesmønstring. Filmen «Nattevakten» som vert skildra som ein grøssar-komedie er det Simon Tonev med hjelp frå Audun Elvanes og Tor Hennum som står bak.

Judo og sjonglering

Frå Ulstein har 45 ungdommar meldt seg på. To av desse er konferansierane Eirin og Karsten. I tillegg er det åtte kunstnarar. To av dei, Emily Louisa Millan Eide og Antonette Brevik, vert også å oppleve mellom dei totalt 21 sceneinnslaga frå Ulstein-ungdommar.

Det blir mykje musikk og song - både soloar, duettar og innslag frå band.

- I tillegg er det påmeldt to dansenummer. Andre innslag som merkar seg ut er judo og sjonglering med diabolo, fortel ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

Fylkesmønstring i Ålesund

Nokre av ungdommane som er med på den felles lokalmønstringa for Hareid og Ulstein vil også få mulegheita til å vere med på fylkesmønstringa som i år går av stabelen i Larsgårdhallen i Ålesund helga 20.-22.april.

-Vi er godt fornøgd med årets jury som er sett saman av sju personar som representerer båe kommunar, samt ulike aldrar og ulike fagfelt. Dei får ei spanande utfordring med å velje ut ungdommar som skal representere eit kulturelt mangfald frå Ulstein og Hareid, fortel Flatin.

Juryen kan sende vidare maks tre sceneinnslag, ein film og to kunstnarar frå kvar kommune. I tillegg kan konferansierane få mulegheita.