– Russeavisene er ein mediesjanger som normalt får lite merksemd. Dei kjem berre ut ein gong i året og har ikkje vanleg distribusjon som andre aviser, fortel Mo. Søndag skal han fortelje om kva som har forandra seg med russeavisene, kva som er spesielt med dei, og om fenomenet vil overleve i framtida. Nesten komplett samling Det heile byrja i 1960-åra. Jostein Mo kjøpte russeavisene fordi han såg opp til russen, slik alle unge gjer. Det var spanande å lese og sjå bilete av dei eldre ungdomane, og han gledde seg til å bli russ sjølv. I dag har Mo ei stor samling med russeaviser, den første går heilt tilbake til 1925, og er første årgang russeavis frå Ålesund. Mo samlar primært på russeavisene frå Volda gymnas og seinare vidaregåande skule, men han har óg aviser frå fleire andre stadar i landet. – Eg er ein samlar, eg likar å ta vare på ting i staden for å kaste dei, seier Mo, som har hatt mykje moro med å bla tilbake i dei gamle avisene. Samlinga frå dei siste 50 åra er nesten komplett, men han manglar fleire frå dei tidlegare åra. Etter at Mo deltok i tv-programmet ”Norge rundt”, blei han kontakta av mange som ville gi han russeaviser som dei hadde liggande. Det er vanleg tradisjon for russen å møtast igjen etter fleire år, og Mo har ved fleire høve lånt ut ei avis til dei som ikkje har hatt den til gjenforeininga. Dei siste åra har russen vore på døra til Mo og personleg levert avisa deira for å forsikre seg om at han har den årgangen. Det er ikkje skrive så mykje historisk om russeavisene, men Mo synest fenomenet er svært interessant. – Det er eit spesielt samleobjekt. Det handlar om å ha orden, samlemani og samleglede, konstaterer Jostein Mo. På søndag blir det ei utstilling av russeaviser i salen i Ivar Aasen-tunet, kanskje finn du di avis eller kanskje klarer Mo å peike ut russeavisa til dei som sit i salen? Dei som skal vere russ i år vil i alle fall få historisk bakgrunn til russeavisene og gode råd til når dei sjølv skal lage sine eigne aviser. Årets russ i Volda og Ørsta blir også representert i Aasen-tunet.