Ivar Aasen-tunet har i samarbeid med gullsmeden Katrine Berg frå Eid laga ein smykkekolleksjon med nynorske ordsmykke. Dette er berre ein av mange gåveidear du kan få når du kjem til Aasen-tunet, og ein butikk med produkt som viser identitet. – Vi meiner det er viktig å ha eit godt samarbeid med lokale kunstnarar og handverkarar når vi utviklar produkt til butikken vår. Ideen med ordsmykke kom frå Katrine Berg sjølv, og vi let oss lett begeistre for slike idear. Ordsmykka visar identitet og ei språkleg stoltheit som det er kjekt å vise fram, seier tunvert Ingrid Opedal i Aasen-tunet. Samarbeidet med keramikaren Rolf Vatn er ei anna suksesshistorie frå butikken i Aasen-tunet. – I vel to år no har Rolf Vatn produsert spesiallaga keramikk med handskrifta til Ivar Aasen. Dette er varer som er blitt etterspurde og som vi også sel mykje av i nettbutikken, seier Opedal frå butikken som sjølvsagt også er full av gode nynorske bøker til store og små. Juleutstilling med barnekunst Born frå åtte barnehagar i Eid, Ulstein, Volda og Ørsta har laga ei kjempeflott og stemningsfull juleutstilling i Galleriet i Aasen-tunet. Utstillinga tek utgangspunkt i songen “Vi vil ha snø” frå nettsongboka på tunkatten.no, og resultatet er blitt svært bra. – Førre veke hadde vi høgtideleg utstillingsopning, med over 80 forventningsfulle barn frå barnehagane, og dei var svært oppglødde over å sjå sine eigne kunstverk utstilt i eit ekte galleri, seier formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae. Utstillinga er open heilt fram til 18. desember, og det er gratis for alle å kome og sjå.