I kultursalen på Reiten har Ulf øvingshelg denne helga. Neste helg reiser dei til Trondheim for å delta i NM.

I fjor kom det på tredjeplass i fjerdedivisjon. Dei håpar å ikkje gjere det noko dårlegare i år.

Fredagskvelden hadde dei fellesøving. Laurdag hadde dei både fellesøving og gruppeøving (messingblåsarane for seg og treblåsarane for seg). Sundag, måndag og onsdag skal dei ha fellesøving, før dei reiser i minibuss og privatbilar torsdagen. Fredagen har dei også øving, før dei på kvelden skal konkurrere i Olavskvartalet.

Eitt nummer

I NM skal dei berre spele eitt nummer på ti minutt. Korpset har bestemt seg for å spele Hounds of Spring.

- Det er eit stykke der alle får utfordringar, forklarer Bjørn Skodjevåg.

Det startar med ein rytmisk seksjon, så kjem eit roleg parti, før det i tredje seksjon tek att starten.

Då Vikebladet Vestposten var innom gruppeøvinga til messingblåsarane høyrdest det rett så bra ut. No terpar dei på detaljar så det skal høyrest ekstra bra ut, dirigenten minna dei om at dei ikkje må miste tempo.