I kveld går elektronikaartisten Pandreas frå Ulsteinvik (Andreas Kleven Rasmussen) på scena for å varme opp for den kjende norske rockaren Sondre Lerche. Konserten er på Banken studenthus i Ålesund.

Plukka ut blant 300

Det stod mellom 300 band og artistar då Sondre Lerche i samarbeid med Urørt skulle plukke ut 12 utøvarar for å varme opp på hans norgesturné.

Pandreas, som er busett i Bergen, er altså ein av dei utvalde og er på heimlege trakter når han varmar opp for Sondre Lerche i Ålesund.

Får ros

I intervju med NRK Urørt hausta Pandreas lovord frå Lerche, då han vart spurt om å grunngi sine val av oppvarmingsartistar:

– Pandreas og Padawan blei umiddelbare personlege favorittar, svarte artisten til Urørt, som fungerer som eit utstillingsvindauge for usignerte artistar.

Har nyleg gitt ut EP

Den 8. oktober debuterte Pandreas med den digitale utgjevinga Pandreas EP, som inneheld 5 låtar. Desse har 21-åringen laga ved hjelp av PC og synthesizer på hybelen sin i 2012. Også her har han fått ros då P3 vurderte EP-en til terningkast 5 i si nylege melding. Meldaren skriv følgjande om låten “Flygespark”: – Kuttet der Pandreas gjør dette best er høydepunktet «Flygespark», hvor skrikende strykere og skeletale beats kjemper harmonisk med hverandre. Den er så fin at man kan kjenne det fysisk. I botnet saka kan du høyre opningslåten på EPen, som heiter "Jaguar Shark". Heile utgjevinga er tilgjengeleg på Itunes, Spotify, Wimp og liknande.

Har konserterfaring

Det blir ikkje første gangen Pandreas opptrer for eit større publikum. I sommar spelte han på Slottsfjellfestivalen. Han har også spelt på festivalar i Oslo, Trondheim, Bergen og sist i Stavanger i månadsskiftet. No står altså Ålesund for tur, der det enklare blir høve for lokale kjenningar å få høyre artisten live.