Korleis kunne filmskaparen og biologen Are Pilskog greie å få fram dei fantastiske paddescenene på filmen om paddene i Austefjorden?
Søndag får du vite det om du tek turen til Runde Miljøsenter. Der vil filmskaparen fortelje om filmen og paddene.
Runde Miljøsenter inviterer born og vaksne til filmettermiddag komande søndag. Dei har oppfordra filmskapar og biolog Are Pilskog å fortelje om korleis filmen vart til – og korleis han greidde å fange dei utrulege paringscenene til kameraet sitt. Han fortel også om folket han har møtt i Austefjorden som har kjempa ein lang og hard kamp for å sikre at det store paddetrekket frå lia over vegen og ned til vatnet ikkje skulle bli slutt på då den nye vegen vart bygt.
Filmen har vore sendt på NRK i bete sendetid og fått gode kritikkar. Men det er nok mange som framleis ikkje har fått med seg filmen om dei levande paddene og den store paddefiguren som vart skapt og sett opp i Austefjorden. Og viss du har sett filmen, sit du nok at med mange spørsmål kring filminga av paddescenene som Are Pislkog har brukt lang tid på for å få fram slik han ville ha dei.
Filmen fortel både ei historie om korleis paddene lever og formerer seg og om korleis det gjekk når nokre naturinteresserte menneske og ein litt gal bankmann fekk vegbyggjarane på lag.