Manager: Ved sidan av å vere arkitekt, korsongar og mykje anna – er Tore Hanssen Grimstad manager for dyktige Lise Mæland, som opptrer under artistnamnet Melis. Foto: Privat.

– Det er utanfor komfortsona spanande ting skjer

Hareidsdølingen Tore Hanssen Grimstad (34) meiner den raude tråden i livet hans handlar om at han torer å utfordre seg sjølv, og at han tenkjer større enn han har gjort før. Ved sidan av arkitektjobben er han manager for artisten Melis (Lise Mæland), som gir ut sitt debutalbum 6. mai.