Frå trebåtfestivalen i 2009

- Trebaatfestivalen er ein av dei få på desse kantar som får gleda av å få desse gledespreiarane på besøk, fortel Tom Henrik ”Tomma” Muggerud, presseansvarlig i Trebaatfestivalen.

- Det er umuleg å ikkje ha høyrt 3 Busserulls på radio eller tv siste 20 åra. Dei har ei rekke hits som har vore allsong på mangt eit nachspiel rundt om.

- Vi likar å ha unike artistar på festivalen, som ikkje spelar på kvart eit einaste nes her omkring. Det var difor vi sjølve som tok kontakt med 3 Busserulls, for å høyre om dei hadde lyst å kome til Ulsteinvik i august, fortel pressesjefen. Svaret dei fekk var utvilsamt positivt.

Kystkultur og dobbeltmoral

3 Busserulls med den kjende underhaldaren Gunnar Andersen i spissen lagar ikkje berre konsert når dei spelar. Dei lagar eit underhaldningshow, der latteren ligg laust.

- 3 Busserulls er kultur! Eit kulturfenomen som har utspering frå bygdemiljø og vekkingsmøte. Frå sjømannstradisjon til oljeplattform. Humor og ramsalt samtidskommentar, om det handler om kystkultur eller dobbeltmoral. Politisk korrekt har dei aldri vore, og her får du alt fra vakre ballader til «jodling om horer og negrar og øl og brennevin» – i polkatakt, kan ein lese i presseskrivet til bandet, oppsummerer Tomma.

5 år og stolt festival

- Bandet skal spele på laurdagshowet vi brukar å ha på ettermiddag/kveld laurdagen i festivalteltet. Tidligare år på det tidspunktet i festivalen har vi mellom anna hatt Klypa-show og Sildakongen, og vi har grunn til å tru at dette kjem til å bli nok ein suksess, utdjuper Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen, som i fjor greidde å opparbeide seg til å bli Noregs nest største trebåtfestival, etter Risør som har halde på i over 25 år.

- Dette er noko vi er mektig stolte av, og i år feirer vi også 5-års jubileum for Trebaatfestivalen. Vi aktar å køyre på, formeleg ropar Tomma ut i kjend stil.

- Vi har etablert oss som ein solid festival langs kysten, og alt tydar på at Trebaatfestivalen i Ulsteinvik er komen for å bli, avsluttar Tom Henrik ”Tomma” Muggerud, presseansvarlig i Trebaatfestivalen.