Førre helg var det fylkesmønstring i Molde, og der deltok om lag 420 ungdommar med varierte innslag.

Sceneinnslag og kunst

Dansegruppa "Trois" var eit av innslaga som representerte Ulstein kommune på fylkesmønstringa. Dette gjorde dei så bra at dei fekk billett vidare til landsmønstringa i som skal vere i Trondheim 7.-10. juni. "Trois" består av Vilde Dimmen (15), Karoline Ertresvåg (16) og Sunniva Slettebakk (15). Dei dansa ein sjølvkomponert dans til balladen "Listen to your heart". Ei anna heldig jente frå Ulstein er Martine Holm (17), som stilte ut måleri og eigne dikt.

Stipend

I tillegg til å kåre innslag som skal gå vidare til landsmønstringa, vart det òg delt ut stipend til dyktige ungdommar. Coop-stipendet var inndelt i tre kategoriar, og ein av dei glade vinnarane var "The Danseløvs" som består av Oddbjørn Fjørtoft (16) og Ole Marius Otterlei (14) frå Haram. For fjerde år på rad vil Norsk Tipping i samband med Norsk Kulturskoleråd dele ut "Drømmestipendet". Kandidatane til dette stipendet må vere under 25 år og ikkje-etablerte artistar. Vedkommande kan vere ein enkeltperson eller ei gruppe som arbeider innanfor til dømes musikk, kunst eller teater. Kvar fylkesmønstring kan nominere inntil to kandidatar, og Rikke Voldsund Pettersen (18) frå Herøy var ei av dei nominerte frå mønstringa i Molde. Kven som får tildelt dette stipendet vert klart under landsmønstringa i Trondheim. Under fylkesmønstringa vart det òg arrangert kåring av "Årets UKM-kommune" i fylket. Herøy kommune gjekk til topps i kåringa i Møre og Romsdal, og fekk ein sjekk på 7.500 kroner.